Litteratur

Vestfold og Telemarks litteraturpris til Erik Eikehaug

Erik Eikehaug får prisen for boka «Skatten og tyven».

Erik Eikehaug.
Publisert

Erik Eikehaugs andre roman, «Skatten og tyven», åpner bokstavelig talt med en homofil mann på glattisen. Vetle er 39 år og tryner pladask, får kneet ut av ledd og føler at absolutt alt er feil. Ikke bare det åpenbart smertefulle kneet, men også livet for øvrig. Han er en mislykket forfatter, som attpåtil er sønn av en vellykket forfatter. Han er selvutslettende, smått nevrotisk og til tider irriterende konfliktsky. Han er, for å si det rett ut, en litt lubben homse uten særlig retning i livet. Dette er ikke nødvendigvis negativt, ikke for leserne i alle fall. Den elskverdige og håpløse Vetle bærer historien godt. Dette blikket åpner opp for en sår og nær fortelling om det å være homse i Oslo i dag, om livet i homoblokkene på Enerhaugen i Oslo, om de små valgene vi tar som kan vise seg å endre alt.

Nå har han fått Vestfold og Telemarks litteraturpris 2022 for boka.

I juryens begrunnelse heter det:

«Litteraturprisen i Vestfold og Telemark vert tildelt til ein forfattar som med årets roman har begeistra juryen. Allereie frå fyrste side gir lesaren seg ut på ei intens, vittig og svimlande litterær reise, og vi ser vi oss ikkje tilbake før sidetalet sluttar på 374. Romanen «Skatten og tyven» handlar om oss, vi som lever her i dag, men gjennom usedvanleg språkleg overskott og sikker forteljarevne fokuserer og forstørrar romanen det heimslege – og slik vert liv som vi trudde vi kjende, forunderlege – og liv som vi ikkje sjølve har levd, blir våre eige.

Hovudpersonen Vetle snublar ømheitssøkande og steil gjennom eksistensen, men ikkje utan livskrav – det er som om romanen kastar ein middelaldrande Elias Rukla inn i ei verd der ubøyelege og lidenskaplege Herbjørg Wassmo regjerer saman med karnevaleske og referansesikre Kjartan Fløgstad. Og som i det beste av irsk litteratur, er livet tragikomisk. Trist, ja vel, men ustanseleg regn, eller som her: ei dør utan fungerande dørhandtak, går an å leve med, endåtil å reparere. Og som hos dei store amerikanske forteljarane, er reisa skapt med ville kast i framdrifta, alltid driven av vilje til å finne svar på klassiske moralkrav til mennesket:

Kjenn deg sjølv og vit kva som skal til for å leve det gode liv.

Mottakaren av årets litteraturpris debuterte i 2017. Såleis er årets roman ei briljant parering av utfordringa med å skrive roman nummer to. Same spørsmål herjar hovudpersonane i begge forteljingane – vi møter kunstnaren som ung mann i ei danningsreise frå eit trongt heimemiljø til eit utvida livsrom i ein storby – og tilbake igjen. Årets roman tilfører likevel ein djupare undertone i livshaldning. Denne uttrykkjer hovudpersonen Vetle best sjølv, med ein treffande litterær referanse. Han trøytnar av å lese sylskarpe Rachel Cusk, til fordel for «det empatiske blikket til Helle Helle».

Vetle i romanen Skatten og tyven er forfattar i spe. Han ynskjer å skrive seg inn i ein norsk litterær tradisjon prega av kriminalisering, tvungen tausheit og skam. I romanen får vi vite at forfattar Åsmund Sveen på 1930-talet sende inn eit manus til Gyldendal forlag. Det handla om homofile menn i Oslo. Manuset vart bryskt refusert av Sigurd Hoel. Hoel meinte det ville ha vore uansvarleg å skildre homofili i litteraturen, utan å «problematisere livsstilen». Vetle i romanen søkjer seg etter kvart bort frå kunstnardraumen, mot ein meir gjengs kvardag med kollegaer, lunsjpausar, fellesferie, og kanskje «litt administrasjon». Forfattaren av romanen lukkast, derimot. Det kunstnariske prosjektet plukkar opp den refuserte tråden frå Åsmund Sveen på 1930-talet, hoppar bukk over pseudonymbruken til Gudmund Vindland på 1970-talet og skildrar homofile liv – utan å problematisere livsstilen.

Årets vinnar av litteraturprisen i Vestfold og Telemark er fødd i Kragerø i 1982.

Han har ein bachelor i nordisk litteratur frå Universitetet i Oslo, og ein Mastergrad i Creative Writing frå Kingston University i London.

Debutromanen James Franco spytter når han snakker er frå 2017, og utgitt på Gyldendal forlag. Gyldendal forlag har også utgitt hans andre roman, Skatten og tyven.

Det er med stor litterær glede vi tildeler Vestfold og Telemarks litteraturpris 2022 til forfattar Erik Eikehaug.»

Powered by Labrador CMS