Politikk
Rettleiar om kjønnsmangfald frå Bufdir: – Skjønar ikkje korleis det er eit problem
Bufdir har kome med forslag til ein ny rettleiar for offentleg tilsette om korleis dei skal møta kjønnsmangfald. Det er det ikkje alle som er like glade for, men få av dei skal nytta råda sjølve.
– Me skjøner ikkje korleis det er eit problem at tilsette i offentleg sektor får gode faglege råd, seier Mirell Høyer-Berntsen (SV)
Foto: Stortinget
Ein skulle kanskje ikkje tru at retningslinjer frå Bufdir ( Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) om mangfald og inkludering skulle skapa ein opprivande nasjonal debatt i fleire landsdekkjande aviser, men slik har det altso vorte.
Etter etaten kom med forslag til nye råd for korleis tilsette i offentleg sektor skulle møta kjønnsmangfald på ein forståingsfull måte, har ikkje responsen late venta på seg.
Bufdir var førebudde på høgare temperatur enn vanleg ved slike forslag, men sjølv dei var likevel overraska over dei over 100 svara dei fekk i høyringsrunden.
Hendig liste
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP