Pride
Ho håpte på nokre tusen. No har lærarstudenten samla inn enorme summar til mangfaldsarbeid i skulen
Over ein million til spleis for Pride i skulen. – Det er heilt sjukt, heilt vilt!
Fra Oslo Pride-paraden 2023.
Foto: Reidar Engesbak.
Slik svarar Mina Navestad Haugland på spørsmål
om kva ho tykkjer om at spleisen hennar for Pride i skulen har bikka ein
million kroner. Berre halvanna døgn etter ho oppretta innsamlinga må ho nok ein
gong heva målsettinga.
Vil støtta mangfald
Haugland hadde på ingen måte tenkt at spleisen
hennar, «Behold pride i skolen», kom til å nå so høgt. Faktisk tykte ho at det
opphavlege målet ho sette var altfor hårete.
– Eg sette først 20.000 som mål. Eg trudde
ikkje det var mogleg, og eg var veldig redd for at me ikkje skulle klara det,
men det målet nådde me på tre kvarter.
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP