Helse

Avslutta behandling for mindreårige transpersonar – utan at statsforvaltaren bad om det

Trass i at verken HKS eller statsforvaltaren bad om slutt på behandling av mindreårige pasientar, avgjorde bydel Grünerløkka å gjera nettopp det. Bydelen gjekk med dette mot sitt eige fagmiljø.

Klart budskap på Helsestasjon for kjønn og seksualitet (HKS) i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Nyleg vart det klart at Helsestasjonen for kjønn og seksualitet i Oslo (HKS) måtte slutta å tilby medikamentell behandling til pasientar under 18 år. Dette har ført til at mange mindreårige transpersonar, særskilt ikkje-binære, no står heilt utan eit behandlingstilbod.

Denne innskrenkinga kom som svar på eit tilsyn ført av statsforvaltaren i Oslo, som konkluderte med behandlinga av mindreårige var uforsvarleg. 

På bakgrunn av dokument Blikk har fått innsyn i er det no klårt at bydel Grünerløkka gjekk mot sitt eige fagmiljø då dei avgjorde å innskrenka behandlingstilbodet.

– Om HKS ikkje lenger kan tilby medikamentell behandling med hormon til dei under 18, står mange i Oslo de facto utan tilbod, seier Marianne Gulli, dagleg leiar i FRI Oslo og Viken.

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Digital
1 måned

1,-

KJØP

Digital
12 måneder

699,-

KJØP

Digital + Magasin 12 måneder

798,-

KJØP

Powered by Labrador CMS