Meninger
– Kampen for skeive rettar er langt ifrå over i Europa
Fiendebilete normaliseres stadig meir, og her heime i Noreg skriv sentralstyremedlem i AUF etter at Slovakia har skrenka inn rettane for skeive.

Dette er et innlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et innlegg, kan du sende det hit.
Slovakia har no gjort endringar i grunnlova si for å skrenke inn rettane og den vidare vegen til reell fridom for LHBT+ mennesker i landet.
Fridom og rettar kjem ikkje av seg sjølve, eller rekande på ei fjøl som Kim Friele sa.
Endringa slår fast at det berre finst to kjønn, at kjønn berre kan endrast i særlege tilfelle, og at adopsjon berre skal vere tillate for gifte par. I tillegg skal nasjonal lov stå over EU-retten i spørsmål om kultur og identitet.
Statsminister Robert Fico kallar endringa ein barriere mot progressiv politikk.
Dette er ikkje første gong Slovakia brukar grunnlova til å diskriminere skeive. I 2014 vart likekjønna ekteskap forbode.
I staden for å bevege seg mot likestilling, vel styresmaktene å sementere diskriminering i grunnlova.
Det viser korleis kampen for skeive rettar langt ifrå er over i Europa. Mange har aldri fått dei rettane dei burde hatt, og nye lover gjer vegen framover endå smalare.
I Ungarn er Pride forbode og juridisk kjønnsskifte fjerna. I Russland har lover mot skeiv propaganda ført til trakassering og vald. I USA har fleire delstatar forbydd kjønnsbekreftande behandling for ungdom, fjerna bøker med skeive tema frå skulebibliotek og kriminalisert dragshow.
Når makta rettar seg mot dei som allereie står utanfor, aukar både frykta og utryggleiken.
Ytre høgre har gjort kjønn og seksualitet til ein politisk kampplass, der skeive vert utpeikte som symbol på eit samfunn dei meiner er i forfall.
Denne typen fiendebilete normaliseres stadig meir, og her heime i Noreg.
Også i Noreg ser vi korleis skeive framleis opplever hets, utanforskap og mangel på tryggleik.
Politikarar spreier konspirasjonar om kjønn og seksualitet.
Møteplassar og tilbod for skeive manglar i store delar av landet.
Vi treng meir kunnskap i skulen, betre vern mot hatkriminalitet og ein politikk som bygg fellesskap. Skeiv politikk må vere ein del av velferdspolitikken.
Det som skjer i Slovakia viser korleis styresmakter kan velje å stenge vegen mot likestilling. Det er ikkje nok å feire sigrar langs vegen, for målet om reell likestilling er framleis langt unna.
Skeive i Slovakia sin kamp er også vår kamp. Ingen er fri før alle er fri.