Bekymret senterungdom
Senterungdommen gir i en resolusjon fra fylkesårsmøtet i Oslo 6. oktober uttrykk for bekymring over at Senterpartiet framstår som en bremsekloss i homosaken i regjeringsforhandlingene. Følgende resolusjon er oversendt regjeringsforhandlerne på Soria Moria: Et jamstelt samfunn Fylkesårsmøtet i Oslo Senterungdom er sterkt uroa for det inntrykket som under regjeringsforhandlingane har blitt skapt av Senterpartiet som ein bremsekloss for likestilling mellom heterofile og homofile. Media har framstilt partiet som ein front i «kampen» mot ei kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving. Dette er basert på uttaler frå sentrale tillitsvalde i Senterpartiet, uttaler som har kome trass i at det ikkje finst noko vedtak på landsmøte eller i andre organ i partiet om denne saka, og trass i at Senterpartiet i Stortinget i fjor føreslo ei utgreiing av kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving. Oslo Senterungdom kjenner seg ikkje att, og kjenner heller ikkje att Senterpartiet, i dei talrike negative reaksjonane vi har fått frå homofile og lesbiske den siste tida, i og utanfor partiet – reaksjonar som er forståelege utifrå den profilen partiet har fått i media. Oslo Senterungdom stør ei kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving, med fulle rettar til borgarleg vigsel for homofile par. Vi meiner at ei slik lovgjeving er mogleg utan at trus- og livssynssamfunn blir pålagde å via samkjønna par, men at dei må ha rett til dette på lik linje med å via heterofile par, dersom trussamfunna sjølve ønskjer det. Oslo Senterungdom ser ikkje korleis ei slik lovgjeving kan truga det heterofile ekteskapet som «grunncella» i samfunnet. Tvert imot vil utvida moglegheit for formalisering av forhold mellom to individ, uavhengig av seksuell legning, vera ein stabiliserande samfunnsfaktor. På dette grunnlaget bed vi partileiinga og forhandlingsdelegasjonen på Soria Moria om å stø ei utgreiing av ein slik modell for kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving, og vera tydelege på at ein ønskjer eit likestilt samfunn, der rettar og plikter er uavhengige av kva for seksuell legning individet har.