Arbeidsliv
Meiner fagrørsla må gjera meir for skeive: – Kven, om ikkje oss?
Fagrørsla har mykje å bidra med i kampen mot diskriminering av skeive på arbeidsplassen, men må ogso vera klare for kamp internt, meiner leiaren i HK Vest.
Deltakarane var samde om at fagrørsla kan og bør gjera meir for skeive på arbeidsplassen. Frå venstre: Espen Berntsen, Mari Haave Sveen, James Dixon og Marit Bjerke.
Foto: Emil Askvik Hosøy
Onsdag kveld organiserte ungdomsutvalet i LO ein open samtale på Folkets hjørne i Oslo om inkludering i arbeidslivet, med særskild fokus på skeive.
Med seg hadde dei James Dickson frå PKI, Espen Berntsen frå Handel og kontor Vest og Mari Haave Sveen, avdelingsleiar i Oslobygg.
Vanskeleg å koma inn
Samtalen vart leidd av Marit Bjerke frå Norsk tenestemannslag, og ho opna samtalen med å samanlikna tilhøva no mot då ho byrja i arbeidslivet.
Digital
12 måneder
699,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
798,-
KJØP