Pride
Arctic Pride ikkje fri frå FRI: – Fekk aldri gått gjennom stiftingssaka
Det har brote ut full konflikt mellom Fri Troms og Finnmark og Arctic Pride etter årsmøte i foreininga. Det kan verta vanskeleg å reparera forholdet mellom dei att, seier leiarskapen i pride-selskapet.
Arctic Pride i 2023.
Foto: Erna Bøyum
– Årsmøtet på søndag var ein tanke rotete kan du jo seia. Det har vore mykje kjensler og tankar og opplevingar over fleire år, seier festivalsjef Lars Kaupang i Arctic Pride (AP) til Blikk.
Kaupang, som har ansvar for pride-feringa i mellom anna Tromsø er ikkje blid. Sidan han vart tilsett i organisasjonen i 2023, har dei hatt eit vanskeleg forhold til eigarane i FRI Troms og Finnmark.
På årsmøtet søndag toppa det seg. Eit forslag om å gjera Arctic Pride om til stifting, som organisasjonen har arbeidd med i fleire år, vart nedstemt etter det fleire i AP skildrar som eit kupp.
Kaos i styre og stell
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP