Meninger

– Folk gjekk rundt å oppførte seg som om det å vere skeiv var heilt vanleg

Og det er jo sånn det er: det er heilt greitt, skriv Kjerstin Engstrøm Brautehaug

Kjerstin Engstrøm Brautehaug
Publisert

Innlegget ble først publisert på Facebook. Eventuelle meninger i teksten står for skribentenes regning. Hvis du ønsker å sende et innlegg, kan du sende det hit.

Eg huska det som det var i går, når eg flytta til Oslo for 24 år sidan. 

Eg hadde fått meg jobb og planen var å finne meg sjølv (i tillegg til å jobbe sjølvsagt), men aller først måtte eg finne Kristin Rostad Gangstad. Ho gjekk nokre år over meg på vgs og eg hadde høyrt rykter om at ho hadde flytta til Oslo og blitt lesbisk! 

Dei einaste eg visste om som var skeive var Ellen DeGeneres og Hanne Wilhelmsen. Dei var vel litt skeive i Great Garlic Girls også, men det var liksom ikkje heilt mi gate. 

Eg surra rundt i Oslo nokre veker- visste at det var eit magasin som heiter BLIKK, men det turte eg verken kjøpe på Narvesen eller lese på biblioteket på Bekkestua i tilfelle dei i skranken kjente nokon som kjente nokon som kunne sladre til dei heime (!) 

Dette var før SoMe også må vite!

Eg dikta opp ei historie til Torill Vadset og Ingrid B. Tenfjord om kvifor vi absolutt måtte finne «Potta» i Oslo, den skeive utestaden for damer. Eg hadde nemlig håp om å finne Kristin der! 

Eg veit ikkje kor mange helgene det tok, men Torill og Ingrid var tålmodige, og var med gong på gong, heilt til ho stod der ho Kristin. 

Kjerstin og Kristin dro sammen til London Pride

Og eg tenkte; endeleg, no er eg trygg! No finn eg dei som er lik meg! 

Og jaggu skal du vite, var det noko som heitte «Skeive dager» også. Ei heil VEKE med berre sånne som meg. 

Det var heilt ubeskriveleg å komme til Spikersuppa, der regnbogeflagga vaia i vinden og folk gjekk rundt å oppførte seg som om det å vere skeiv var heilt vanleg. 

Så blei eg kjent med den eine homoen etter den andre og plutseleg var eg ikkje den einaste eg visste om her i verda, utanom Ellen, Hanne og Great Garlic Girls. 

Og alle rundt meg syns det var heilt greitt! Tenk kor heldig er ikkje eg!

Og det er jo sånn det er: det er heilt greitt! 

Kvifor er vi så redde dette flagget?  Det viser jo berre at alle kan få vere som dei er! 

Happy Pride alle mine venner: vis verda at skeive, både unge og gamle kan føle seg trygge!

Kjerstin (t.h) og kona Eli Anne



Powered by Labrador CMS