Meninger

Det er ikkje familien Erdogan beskyttar

– Skeive organisasjonar og andre demokratiske krefter i Tyrkia treng sterkare støtte, skriv sentralstyremedlem i AUF. 

Sandra Edith Kalland Tenud under Pride i Sogn og Fjordane for nokre år sidan.
Publisert Sist oppdatert

«Familien min er trygg.» Det er namnet tyrkiske styresmakter har gitt aksjonen der politiet dei siste dagane har gått etter skeive menneske og organisasjonar.

Dei siste dagane har minst 63 menneske blitt pågripne i aksjonar mot skeive miljø. I Izmir er 16 varetektsfengsla. Etterforskinga omfattar 162 personar, ni organisasjonar og 13 verksemder.

Dette kjem etter fleire år med forbod mot Pride, politivald og vilkårlege arrestasjonar. Amnesty dokumenterte at minst 224 menneske vart pågripne i samband med Pride i 2023.

Kven skal familien vere trygg frå? Frå to menn som elskar kvarandre? Frå ei transkvinne som vil leve livet sitt i fred? Frå ungdommar som endeleg har funne eit fellesskap der dei kan vere seg sjølve? Om du er redd for det er du ei pingle.

I AUF har vi alltid kjempa for at fridom skal gjelde alle. Fridomen til å vere den du er, elske den du vil, organisere deg og leve utan frykt. Fridomen vår blir ikkje større av at andre får mindre av han.

Slik blir fiendebilete bygde. Skeive blir framstilte som eit problem for familien, barna og samfunnet. Når den forteljinga får feste, blir det også lettare å forsvare forbod, arrestasjonar og trakassering som noko nødvendig.

Dette skjer ikkje i eit vakuum. Aksjonen kjem som del av Erdogans tiårige satsing på «familie og befolkning», der skeive stadig oftare blir brukte som fiendebilete.

Når politiet går inn i lokala til skeive organisasjonar, nettsidene deira blir blokkerte og Pride blir møtt med forbod og arrestasjonar, då er det ikkje berre skeive sine rettar som står på spel.

Det seier noko om kor mykje rom Erdogan er villig til å gi alle som organiserer seg, protesterer eller lever annleis enn styresmaktene ønskjer. Ein stat som meiner han kan bestemme kven folk får elske og korleis dei får leve, stoppar ikkje nødvendigvis der.

Noreg må gjere meir enn å uttrykke uro. Regjeringa må ta arrestasjonane og menneskerettsbrota direkte opp med tyrkiske styresmakter og krevje at vald, trakassering og rettsforfølging av skeive stansar.

Pride-markeringar må få gjennomførast fritt, og Noreg bør vere tydeleg mot lovforslag som kriminaliserer skeive uttrykk eller byggjer diskriminering inn i lovverket.

Det er ikkje ulovleg å vere skeiv i Tyrkia. Likevel blir skeive behandla som om dei i seg sjølve er ein trussel mot samfunnet.

Samtidig treng skeive organisasjonar og andre demokratiske krefter i Tyrkia sterkare støtte.

Aktivistar og menneskerettsforkjemparar som blir forfølgde må få betre og meir fleksible moglegheiter til visum og vern. Europarådet, OSSE og kontakten med Tyrkia som alliert gir oss arenaer til å halde presset oppe. Dei må vi bruke.

Solidariteten vår kjenner ingen landegrenser. «Familieverdiar» høyrest uskuldig ut. »Beskytt barna» høyrest sympatisk ut. Nettopp derfor er slike ord effektive når dei blir brukte til å bygge fiendebilete. Det er ikkje familien Erdogan beskyttar. Det er si eiga makt.

Powered by Labrador CMS