Trans
Illustrasjon: Erna Bøyum
Korleis blei trans deira felles fiende?
Konservative kristne, ytre høgre og delar av kvinnerørsla finn saman i motstanden mot transpersonar. Kva bind dei saman, og korleis arbeider dei for å få gjennomslag i Noreg?
«The Canary in the Coalmine» var tittelen då den tidlegare forsvarsanalytikaren Brynn Tannehill i 2013 skreiv ein artikkel i den amerikanske avisa Huffington Post. I teksten åtvara transkvinna, fleire år før første Trump-regjering, om at transpersonar i USA stod i ein prekær situasjon, og kunne tapa dei få rettane dei hadde raskt om ikkje landet endra kurs.
Med tida har uttrykket «kanarifugl i kolgruva» vorte eit ordtak blant transfolk over store delar av verda, for å skildra deira posisjon i samfunnet som verhane for kva veg vinden bles for menneskerettar og for demokratiet generelt.
Ei veksande rørsle
– Det er framleis ei lita rørsle her, men ho er veksande. Det mest bekymringsverdige er at Frp plukkar opp antitrans tankegods. Det er eit dårleg teikn, for dei kan få gjennomslag for mykje.
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP