Meninger
– Vestland fylkeskommune er eit fyrtårn for mangfald i vidaregåande skule
Gruppeleiar i Raudt Vestland er glad for at fylkesdirektøren er ein så klår og tydeleg motpol til amerikansk anti-lhbt-politikk.

Dette er et innlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et innlegg, kan du sende det hit.
I Mai månad arrangerte Vestland fylkeskommune ei førebiletleg mangfaldsveke, der alle dei over 6000 tilsette, fekk moglegheit til å delta på Rosa kompetanse foredrag og andre digitale samlingar.
Vestland er eit av Norges største fylker, og står fram som eit fyrtårn, for arbeidet med å kultivere mangfald innan vidaregåande skular og administrasjon.
Fylkesdirektøren i Vestland tok opp viktigheita av inkluderingsarbeid og mangfald i sin opningstale til Vestland fylkesting i dag. Jeanette Syversen tok til orde for å takke han for alltid å stille opp for god psykisk helse og mangfald i Vestland Fylkeskommune.
Han refererte til Kong Harald sin flotte tale om at «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, guter som er glad i guter, og jenter og guter som er glad i kvarandre.»
Det er ikkje langt frå Kong Harald til Freia sjokolade.
Sjølv om rosavasking ikkje er det viktigaste, så er vi mange som har vore glade for at Freia har satsa på at einsame skeive også skulle få sin del av eit lite stykke Norge.
Men det skal dei ikkje lengre og det er urovekkjande!
Freia kunngjorde like før Pride månaden at dei har bestemt seg for å ikkje lenger tilby sine regnbogefarga Nonstop og Mjølkehjarter under årets Pride-feiring.
Dei avsluttar non-stop samarbeidet med organisasjonen FRI som har jobba for å rette fokus på einsame skeive.
Dette er ein direkte konsekvens av Trump-regimets anti-DEI (Diversity, equity and inclusion) policy, der dei tvinger privat næring og offentlege institusjonar til å følgje ein president-ordre som tydeleg kriminaliserer alle tiltak for mangfald, likeverd og inkludering.
Det er farleg og urovekkjande når vi ser Trump-regimets fascistiske tentaklar sno seg heilt inn i vårt eiga samfunn på denne måten. Då blir vi stolte og glade for at Fylkesdirektøren er så klår og tydeleg motpol til dei mørke skyane som beveger seg over Amerika no.
Raudt sitt landsstyre uttalte dette i april 2025:
«Raudt forventar at norske bedrifter og offentlege institusjonar nektar å akseptere krav frå amerikanske leverandørar som motverker mangfald, likeverd, inkludering og klima/miljøtiltak.»