Pride

Ho håpte på nokre tusen. No har lærarstudenten samla inn enorme summar til mangfaldsarbeid i skulen

Over ein million til spleis for Pride i skulen. – Det er heilt sjukt, heilt vilt! 

Fra Oslo Pride-paraden 2023.
Publisert

Slik svarar Mina Navestad Haugland på spørsmål om kva ho tykkjer om at spleisen hennar for Pride i skulen har bikka ein million kroner. Berre halvanna døgn etter ho oppretta innsamlinga må ho nok ein gong heva målsettinga.

Vil støtta mangfald

Haugland hadde på ingen måte tenkt at spleisen hennar, «Behold pride i skolen», kom til å nå so høgt. Faktisk tykte ho at det opphavlege målet ho sette var altfor hårete.

 – Eg sette først 20.000 som mål. Eg trudde ikkje det var mogleg, og eg var veldig redd for at me ikkje skulle klara det, men det målet nådde me på tre kvarter.

Pengane Haugland no samlar inn vil gå til Fri for å støtta deira arbeid med mangfald og skeiv tematikk i skulane. Initiativet kom som ein reaksjon på ein annan mykje omtala spleis i regi av Kristent ressurssenter.

Spleisen, med det fengande namnet «Advokat-bistand til foreldre og elever for å stoppe pride-tvang i skolen», er organisert av leiar i ressurssenteret Truls Olufsen-Mehus og har som mål å dekka juridiske utgifter til dei som vil utfordra skular som markerer pride via den dømmande makt.

Måndag morgon gjekk spleisen til Haugland forbi motstandaren då han nådde 790.000 kroner. Sidan har talet berre gått oppover.

Ikkje pengar, men folkemakt

Spleisen til Olufsen-Mehus har vorte mykje omtalt på sosiale medium, mellom anna på Instagram, TikTok og BlueSky. Haugland seier ho gjerne uttalar seg om Pride der, og at fleire gjorde henne merksame på antipride-spleisen sidan ho er lærarstudent.

 – Eg tenkte at nokon kom til å oppretta ein mot-spleis, men det gjekk over ei veke og det skjedde aldri. Eg fann ut at eg berre fekk gjera det sjølv.

Trass i at summen ho har samla inn er særs stor, og veksande, er det ikkje det som er viktigast for Haugland. Det viktigaste, meiner ho, er å visa kor mange menneske det finst som er usamde i verdssynet til til organisasjonar som Kristent ressurssenter.

 – Det er heilt sjuke summar, men det er ikkje det som er tingen. Det er talet på gjevarar som har noko å seia, det er der me vinn. Det er berre vanlege menneske som ikkje har so mykje, medan det i den andre spleisen er mykje færre folk som gjev større summar.

Det har ho heilt rett i. I skrivande stund (måndag kveld) har spleisen til Haugland samla inn 1,116 millionar fordelt på 6.640 gjevarar. Det gjev ein snittdonasjon på dryge 170 kroner.

Spleisen til Olufsen-Mehus har på same tid samla inn 710.000, om me trekk frå dei 100.000 som Ressurssenteret sjølve har donert, og som dei får att når spleisen er over. Fordelt på 1.920 gjevarar vert det 370 kroner i snitt.

 – Vår jobb er å skapa mangfald

Både spleisen til Olufsen-Mehus og kampen mot prideflagg i skulen har dei siste dagane vorte omtalt mykje i norsk media, mellom anna i TV2 og på Dagsnytt18 på NRK.

Haugland tykkjer det er synd at det skal verta so mykje styr kring dette, både personleg og frå eit lærarperspektiv.

 – Det er veldig trist at det må vera ein debatt. Det burde ikkje vera naudsynt. Eg skjøner at andre har ulike meiningar, men for meg er det ikkje eit alternativ. Det handlar om inkludering og mangfald.

Ho seier jobben som lærar ikkje berre handlar om å utdanna elevar i ulike fag, men ogso om danning, om å gjera elevane til gode samfunnsmenneske.

 – Det er ingen som er like, og det er vår jobb å skapa mangfald og inkludering, seier ho.

Sidan ho sjølv ikkje er skeiv, var Haugland litt bekymra for å ta initiativ til ei slik innsamling, men no er ho glad for at ho gjorde det.

 – Eg var litt spent, men det har vore veldig positivt. Mange seier det er fint med støtte frå utanfor det skeive miljøet.

Sparebank1: - Står for likeverd

Mange på sosiale medium ytra seg kritiske til Spleis og eigaren Sparebank1 for at dei let spleisen mot Pride i skulen verta ståande. Det står nemleg i Spleis sine retningslinjer at dei ikkje tillet innsamling av pengar til føremål «knyttet til diskriminerende og/eller hatefulle ytringer».

Det er tydeleg at banken ogso har motteke sin del av klagar på dette. Dei har nemleg sett seg nøydde til å leggja til eit banner på sida til spleisen der dei understrekar at det er innsamlar som er ansvarleg for innhaldet i spleisen, og viser til gjeldande lovverk.

Tone Mesna, kommunikasjonssjef i Spleis, seier det stemmer at dei har fått «ein del rapporteringar» på spleisen, men vil ikkje seia noko om innhald i eller talet på klagane.

På spørsmål om dei meiner om spleisen er i samsvar med retningslinjene deira, svarar ho at:

«Spleis står for likeverd, mangfald og respekt for menneskerettane. Me støttar pride og tar tydeleg avstand frå hatefulle ytringar og diskriminering.

Spleis vurderer alle innsamlingane våre opp mot våre vilkår og gjeldande regelverk. Slik innsamlinga står no, framstår ho ikkje som eit direkte åtak på enkeltpersonar eller grupper, Me har vurdert at ho ikkje er diskriminerande eller hatefull, og innafor rammene til ytringsfridomen. Difor har me heller ikkje fjerna henne. Me meiner Spleis skal vera ei plattform som gjev rom for lovlege ytringar og meiningar, og at me, i eit ope og demokratisk samfunn, må kunna visa fram meiningar som me ikkje nødvendigvis er samde i sjølve, ogso når dei engasjerer og splittar opinionen.

Om det kjem ny informasjon som endrar vurderingsgrunnlaget, vil me sjå på saka på nytt.»

 

Powered by Labrador CMS