Forskning
Leiarar på Riksen felt for grov aktløyse i forskning på transpersonar
Fem forskarar ved NBTK på Oslo universitetssjukehus er felt for alvorlege brot på etiske normer. PKI er glade og letta, men veit ikkje kva som skjer vidare.
Frivillig i PKI Anine Hartman
Foto: Lene Hansen.
Felles redelighetsutvalg ved ved Universitetet i Oslo (OUS) har, etter ein lengre prosess, vurdert at fem forskarar ved Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens (ved Oslo Universitetssjukehus (NBTK) har handla med grov aktløyse i bruk av personopplysningar.
Det var NRK som omtalte sakar fyrst.
Tre av dei felte er Anne Wæhre, Kjersti Gulbrandsen og Trond Haakon Diseth.
Dei er høvesvis leiar ved NBTK, leiar for avdelinga for utgreiing av vaksne og avdelingsoverlege ved barne- og ungdomsklinikken ved OUS.
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP