Pride

Årets Bygdepride er i gang

Laurdag føremiddag heisa ordførar Sølvi Dimmen i Volda regnbogeflagget i rådhusflaggstonga. Med det er årets bygdepridegfeiring i gang.  

Opninga av Bygdepride vart markert med flaggheising i Volda laurdag føremiddag. F.v.: Ordføar Sølvi Dimmen, Rune Sæbønes (styreleiar), Anbjørn Steinholm Frislid (nestleiar) og Frida Gillberg (styremedlem) frå Bygdepride.
Publisert Sist oppdatert

Utover den komande veka vert det ei rekkje arrangement, skriv arrangørane i ei pressemelding. 

– Vi hadde aldri fått til ein slik festival utan gode samarbeidspartnarar, som Høgskulen i Volda, Studenthuset Rokken og Ørsta kyrkje, seier leiar Rune Sæbønes i Bygdepride i meldinga. 

Han nemner at det vert arrangement både på høgskulen og på Rokken. 

Torsdag 7. mai vert det regnbogemesse i Ørsta kyrkja, og i år vil fokuset vere på kyrkja sin veg til å godta likekjønna ekteskap og orsakinga til skeive som kyrkja kom med i fjor.

Laurdag 9. mai er den store paradagen i Volda.

Paraden går som vanleg frå Steinrøysa, og med slutt i Uppheimsparken, der det ventar paradeshow med underhaldning og appellar.

– Vi ynskjer alle velkomne til å delta på arrangementa våre. Bygdepride er den viktigaste hendinga for skeive i heile Bygde-Noreg, og er stadig like naudsynt, seier Sæbønes.

Han oppmodar folk om å følgje Bygdepride si eiga nettside og Bygdepride sine kanalar på sosiale medium.

Powered by Labrador CMS