Skeiv sommer 

Mest Oslosommer

Dagens sommergjest Cathrin del Rio Honningsvåg tar gjerne sommergjester med til familiegården på nordvestlandets Stadt. Selv velger hun seg Frida Marida til ferieplanlegger og wingwomen.

- Det er viktig med kvalitetstid sammen med bikkja på gården hjemme i Stadt, sier Cathrin del Rio Honningsvåg.
Publisert

Blikk tar tempen på det skeive miljøet i sommerferien. I dag står tannpleier, leder for SVs skeive sosialister og lhbt+aktivisten, Cathrin del Rio Honningsvåg, for tur.

 – Hvordan ser sommeren din ut i år?

– I år så blir det mest Oslosommar og jobbing, men har ei veke på Vestlandet for å besøke familie og vener. Viktig å få ein tur heim til Stadt og ha kvalitetstid på garden saman med bikkja!

 – Hvilken lhbt+person ville du latt planlegge ferien din og hvorfor?

– Frida Marida! Har vore så heldig å bli litt kjent med ho og tykkjer ho er eit fyrverkeri av eit menneske og samtidig snill og morosam! Trur det hadde blitt ein veldig artig tur. Sikkert fått reist til stader eg ikkje har vore før og møtt mange interessante folk. Har ein magefølelse på at det hadde vore ein litt meir kaotisk ferie enn eg er vandt med, men det tenker eg berre hadde vore eit eventyr! Så trur eg også ho hadde vore ein flink wingwoman og det kunne eg trengt.

 – Beste sommerminne?

– Då eg var kaptein på guttelaget og vi fekk 2. plass under Lærum cup. Kjipe reglar gjorde at semifinalen blei avgjort med myntkast, då det var uavgjort ved kampslutt. Sidan eg var kaptein så fekk eg velge og eg trur aldri eg, eller nokon av dei andre på laget, har vore så glade for å vinne i myntkast verken før eller sidan. Ein genuin lykkerus og ei feiring der ein skulle tru vi hadde vunnet Champions league. Nokon av gutane felte til og med nokon tårar. Vi mimrar alltid tilbake til den augneblinken når vi møtast!

Verste sommerminne?

– Malakoff Rockfestival er 99 prosent gode minner, men det var eit år eg var litt for ivrig med å kome i gang med festen. Blei altfor full altfor fort... Rakk iallfall å få opp teltet før eg måtte ta kveld! Men formen var ikkje heilt på topp resten av den festivalhelga.

 – Liker du spontane turer eller er du en planlegger?

– Tykkjer begge deler er gøy. Blir mest planlagde turar, men eg er ein person som tar ting som dei kjem, så om eg plutseleg skulle havne utpå ein spontantur så kosar eg meg med det!

Hvis du får gjester fra utlandet, hva vil du vise frem av Norge? Og hva vil du ikke vise frem?

– Eg må alltid ta med gjester til Geiranger på sommaren. Tykkjer det er ein av dei vakraste stadane i Noreg. Så blir det fort ein tur til Stadt for å vise fram heimstaden min. Eg vil ikkje vise fram alt søppelet ein finn i fjøra, så eg prøver å ta nokon runder med strandrydding i løpet av året.

Hva ville folk blitt mest overrasket over at du gjør om sommeren?

– Kanskje at eg ikkje har kjempe behov for å være ute i sola. Misforstå meg rett, elsker sol og sommar, men er ikkje av typen som må være ute heile dagen berre fordi sola skin.

Hvilke skeive saker brenner du for?

– Eg brenner generelt for å sikre skeive like rettar og mogelegheiter i samfunnet som majoritetsbefolkninga, men sidan transpersonar dessverre er den gruppa av skeive som fortsatt opplever mykje diskriminering, hat og vold osb. så er transtematikk noko eg prøver å rette mest fokus mot. Eg opplever at det er mange i samfunnet som mangler kunnskap om transpersonar, så folkeopplysning må til! Så må ein snart klare å få på plass eit verdig behandlingstilbod til dei som treng det! Det er frustrerande å sjå korleis mange ender opp med å kjempe i årevis mot eit system som ikkje fungerar.

 – Hva leser du i og ser du på i sommer?

– Eg har planer om å lese "Mengele Zoo" på nytt. Ein av favorittbøkene mine så det anbefales. Så har eg ein heil bunke med uleste bøker eg burde byrje på. Såg nettopp filmane "Hidden figures" og "Boston strangler" som eg tykte var veldig bra. Så gleder eg meg til å sjå "Barbie"!

 – Favorittsommerlåt?

 – «Boys of Summer» med Espen Lind, Alejandro Fuentes, Askil Holm og Kurt Nilsen.

 

Powered by Labrador CMS