Trans
Ny rapport: Staten sviktar transpersonar
Retten til helsehjelp for transpersonar i Noreg synast ikkje å vera oppfylt. Det er dommen til advokatfirmaet Lund & Co i deira nye rapport, som dei har skrive på bestilling frå PKI.
– Dette er ikkje overraskande, seier tyreleiar i PKI James Dickson
Foto: PKI
Rapporten: «Voksne transpersoners rett til helsehjelp», som tok sikte på å finna kva rettar vaksen transpersonar har til helsehjelp, kva pliktar staten har til å levera slik helsehjelp og kva handlingsrom dei ulike delane av helsevesenet har, er klår i sin tale:
«Våre funn viser at staten sviktar transpersonar når det gjeld retten til likeverdig behandlingstilbod til heile befolkninga.»
Ikkje nok med det.
Rapporten konkluderer ogso med at staten har vore klar over manglane ved helsetilbodet sidan 2020, men ikkje har gjort på langt nær nok for å retta opp i det.
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP