Trans
Dårlege erfaringar ved OUS får Alma til å velja privat kirurgi i utlandet
Alma Marstein gjekk tidlegare til Rikshospitalet for kjønnsbekreftande kirurgi. No tør ho ikkje lenger, og betalar heller dyrt for å reisa til utlandet.
Alma Marstein
Foto: Privat
– Thailand ser ut til å vera blant dei rimelegaste. Eg har ei venninne som gjorde det der, og berre hadde gode ting å seia. Der kostar det kring 250 000 kroner.
Alma Marstein, transkvinne og tidlegare i styret til Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI), har lese seg grundig opp for å finna ut kor det er mogleg med vaginoplastikk privat, trass i at dette er noko Oslo universitetssjukehus (OUS) tilbyr transpersonar.
Hjelp til dysfori
Det er ikkje utan grunn at Marstein vel å gå privat, kosta kva det kosta vil. For nokre år sidan hadde ho ei særs dårleg oppleving ved OUS som har merka henne for livet.
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP