Pride
PST: Ingen konkrete trugslar mot Pride
PST og Oslo-politiet heldt konferanse om tryggleiken kring Pride og risikoen for terror. Det er lite endring sidan i fjor, men utviklinga er positiv, meiner PST.
– Godt å høyra at det ikkje er konkrete trugslar, seier Oslo Pride-leiar Dan Bjørke
Foto: Emil Askvik Hosøy
Laurdag samarbeide PST og politiet for tredje år på rad med Oslo Pride om Trygghetskonferansen.
Initiativet kom frå Pride i 2024 etter det mange opplevde som omfattande mistillit mot politiet som florerte i det skeive miljøet etter terroråtaket i 2022.
Dan Bjørke, leiar i Oslo Pride, seier dei no har eit mykje betre samarbeid med politiet no enn for berre nokre år sidan.
– Denne konferansen er eit veldig viktig bidrag til betre tillit mellom oss. Det er godt å sjå at styresmaktene tar dette på alvor.
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP