Pride
Lister Pride: – Litt lite folk her
I helga var det Pride i Farsund, for heile Lister-områe. Arrangørane var tross dalande oppmøte særs nøgde med dei mange transflagga folk hadde brakt med seg.
PKI Agder fekk hjelp av lokale til å bera sitt store transflagg under Lister Pride.
Foto: Emil Askvik Hosøy
– Det betyr so mykje at so mange ville hjelpa og stilla opp, for oss og for meg. Eg trur vesle Martin hadde fått sjokk.
Martin Kvinge er leiar og konferansier for dagen. Som transmann var det ikkje sjølvsagt at han skulle verta verande i den vesle sørlandsbyen Farsund, omringa av konservative religiøse grupper og utan ein gong eit lokallag av FRI eller PKI.
Han gjorde det likevel, for som han sa frå scenen:
– Her ser eg folk som vil ta imot meg om eg skulle falla.
Digital
12 måneder
799,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
898,-
KJØP