Meninger

– Det finst ikkje nok glitter til å dekka over eit folkemord

For Vetle Nordgård Mikkelsen er Eurovision større enn 17. mai. Likevel oppfordrer han til svarte skjermer under Eurovision 2024.

Vetle Nordgård Mikkelsen.
Publisert

Dette er et innlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et innlegg, kan du sende det hit.

Eg elskar Eurovision. Eg gleder meg til Eurovision kvart år, og med fare for å gå heilt ekstremhomo her: Eurovision er større enn 17. mai for meg.

I år blir det ikkje Eurovision på denne homsen. Gleda over glitter og glam er erstatta av sorg og sinne. Det finst ikkje nok glitter i verda til å dekka over eit pågåande folkemord. Staten Israel slaktar ned folket dei har okkupert sidan 1947.

Men kva har Eurovision med Israel si brutale krigføring mot palestinarane å gjera?

Eurovision sin hovudsponsor i år, som fleire tidlegare år, er Moroccanoil, eit israelsk selskap som nektar å seia nøyaktig kor dei lagar produkta sine. I israelsk kontekst betyr dette ofte at det er produsert i okkuperte palestinske område.

Når israelske Netta Barzilai vann Eurovision i 2018, var det første ho sa "sest neste år i Jerusalem", ein uttale som er rimeleg politisk lada. Songen dei har valt i år, hadde òg opphaveleg fleire referansar til Hamas-angrepet 7. oktober, eit angrep som verkeleg var forferdeleg, men som på ingen måte rettferdiggjer det pågåande folkemordet i Palestina.

Israel er generelt ikkje framand for å bruka kultur i vid forstand for å reinvaska sitt gode namn og rykte. Blant anna bruker Israel sin status som (relativt) vennleg innstilt mot skeive folk for alt den er verdt, samtidig som det har komme fram at IDF driv utpressing mot skeive palestinarar og prøver å tvinga dei til bli angivarar mot sitt eige folk.

Og til dei vestlege skeive som støtter Israel fordi dei visstnok er meir pro-LHBT enn dei arabiske nabolanda er: Å bli bomba i sund er ikkje frigjerande, sjølv viss bombeflypiloten har på seg ein regnbogebutton.

EBU har vedtatt at det ikkje er lov med palestinske flagg under arrangementet i Malmö. Det er i og for seg ikkje nytt at berre flagg frå medlemsland er velkomne i konkurransen, men det er likevel merkeleg at dei tillet regnbogeflagg, så lenge bruken "ikkje er politisk" (kva enn det skal bety, med tanke på at regnbogeflagget har vore eit politisk symbol sidan starten).

At EBU forbyr palestinaflagget, men tillet regnbogeflagget, er ei politisk handling.

Russland blei, med rette, ekskludert frå Eurovision etter at dei invaderte Ukraina. I skrivande stund har Israel drepe over 34 000 palestinarar.

Over 1,7 millionar menneske er drivne på flukt. Mange av dei har blitt bedne av Israel om å flykta til byen Rafah, som i skrivande stund blir invadert av israelske stridsvogner.

Å ekskludera Russland var ei aktiv politisk handling. Å ikkje ekskludera Israel er ei aktiv politisk handling.

Det er mange som meiner musikarane ikkje kan haldast ansvarlege for at dei deltar i konkurransen, samtidig som eit av deltakarlanda slaktar ned tusenvis av sivile. Eg er ueinig.

Det er mange artistar som tar ansvar. Det er berre til å sjå på dei mange oppropa musikarar og kunstnarar har signert mot israelsk deltaking i Eurovision.

Alle må gjera sine eigne vurderingar. Det skal godt gjerast å boikotta alt som har med Israel å gjera. Eg vil likevel avslutta med denne oppfordringa:

Svarte skjermar under Eurovision 2024!

 

Powered by Labrador CMS