Drag

– Gode rollemodellar i lokalmiljøa speler ei veldig viktig rolle, sier Aleksander Tonheim aka Miss Beehives.

’’ Eg var heilt i ekstase over kor kule dei var

Aleksander Tonheim vaks opp i ei bygd med om lag 400 innbyggjarar. – Eg blei ikkje eksponert for skeiv kultur der. Eg skulle ønske at det var meir av det då eg vaks opp.

Publisert

På ein grå regnvêrsdag i Bergen opnar Aleksander Tonheim (30) døra ikledd ein knallgul kjole med svarte prikkar, og med eit stort smil. Her bur han med sambuar og hund. Sistnemnde kjem entusiastisk til inngangen for å ønske velkommen. 

Aleksander, som dragkarakteren Miss Beehives, er ein av medlemane i draghuset Haus of Friele. Dei siste ti åra har han budd i Bergen, men er eigentleg frå Eikefjord i Sogn og Fjordane.

Aleksander Nygård Tonheim (30)

Dragnavn: Miss Beehives

Bur: Bergen

Sivil status: Sambuar

Gjer: UX-designar, dragartist, medlem i draghuset Haus of Friele

– Eg blei ikkje eksponert for skeiv kultur i den vesle bygda. Eg skulle ønske at det var meir av det då eg vaks opp. Å komme ut på bygda er kanskje ikkje det enklaste. Ein blir fort «the only gay in the village». Ein kan i alle fall føle det slik. 

Utåtvent og eksentrisk 

Aleksander Tonheim kom til Eikefjord frå Florø i 5. klasse. 

– Å flytte til ein ny plass med ny skule og nye venner var tøft. Heldigvis fann eg fleire hobbyar: Eg spelte blant anna althorn i skulemusikken, smiler han.

Aleksander beskriv seg sjølv som eit utåtvent og eksentrisk barn. 

– I dei seinare åra ser eg jo at eg hadde litt «ekstra utstråling». Det var ei fin tid, men eg kan hugse at eg kjende meg litt annleis enn dei andre, spesielt då eg skulle starte på ungdomsskulen. Eg følte at eg ikkje passa heilt inn. 

– Når eg tenker tilbake på dette i vaksen alder, ser eg at det kan ha vore fordi eg ikkje hadde nokon eg følte eg kunne relatere meg til, eller som eg kunne sjå opp til. 

Da han blei 16 år, flytta Aleksander vekk frå Eikefjord for å gå på vidaregåande. Der skjedde det noko veldig viktig.

– Plutseleg var eg for meg sjølv og kunne styre min eigen kvardag. Det var frigjerande. Det var også då eg fekk tid og rom til å reflektere over kven er var eller ville vere. 

Aleksander Nygård Tonheim aka Miss Beehives på scenen i eit Haus of Friele-show.

Han bestemte seg for å opne seg til ei venninne. 

– Då eg sa at eg var homofil, fekk eg berre til svar at «det veit eg jo!». Eg hugsa eg blei litt paff, då eg hadde prøvd å skjule at eg var skeiv. 

Ein kveld i sofaen

Det var då det gjekk opp for Aleksander at han ikkje trengte å anstrenge seg for å verke meir maskulin. 

– Så var det berre å la ryktet spreie seg på skulen utan at eg trong å fortelje det til andre enn dei eg var med på fritida, sier han og smiler. 

Sjølv om han hadde kome ut til venner, var Aleksander likevel nervøs for å seie det til familien.

– Det var skummelt å komme ut for mamma, fortel Aleksander som hadde laga ulike førestillingar for korleis utfallet av samtalen kunne bli.

– Tenk om ho hadde blitt skikkeleg sint, eller kanskje kasta meg ut?

Ein fredagskveld ser dei på talkshowet «Senkveld» med Thomas og Harald. 

– Eg satt i sofaen ovanfor med blikket retta mot ho, kjende at eg blei nervøs og tenkte at «no seier eg det». Hjartet banka hardt akkurat då eg sa «Mamma, eg må fortelje deg noko. Eg er homofil».

– Ho sa ikkje så mykje med ein gong, men sa at ho var glad i meg uansett kven eg forelska meg i. I ettertid har ho fortalt at ho først blei lei seg av at ho ikkje ville få barnebarn, men så tok ho seg i at det var ein ganske egoistisk tanke og at det ikkje var hennar sak uansett.

Vil vere eit forbilde 

På same tid lagar Aleksander seg ein profil på Gaysir. Det førte til fleire vennskap, blant anna reiste han på sommarleir i regi av Skeiv ungdom med ein av sine nye venner. 

– Der fekk eg sjå dragartistar for første gong. Eg var heilt i ekstase over kor kule dei var.

Nå vil Aleksander vise bygd og småby at det finst fleire måtar å vere skeiv på. 

Eg prøver å vere med på Pride på små stader for å vise at kulturen eksisterer. Det er sikkert mange der ute som er i skapet, eller som har lyst til å prøve drag, men som ikkje tør, forteller Aleksander Tonheim til Blikk.

– Eg prøver å vere med på Pride på små stader for å vise at kulturen eksisterer. Det er sikkert mange der ute som er i skapet, eller som har lyst til å prøve drag, men som ikkje tør. 

I heimbygda har han mellom anna fått høyre at «det går fint for meg, så lenge du ikkje legg an på meg». 

– Det viser kanskje at folk vil vere aksepterande, men at dei ikkje veit korleis dei skal gå fram, eller reagere. Eg håpar at det er lettare i dag, spesielt sidan det er mykje meir skeiv representasjon i media og i samfunnet elles, men sjølvsagt speler gode rollemodellar i lokalmiljøa ei veldig viktig rolle. 

Den rollemodellen vil han vere.

– Eg vil vise at vi er her og at det finst eit stort mangfald av skeive, både kings, queens, creatures og alt imellom.

Powered by Labrador CMS